torsdag 16. desember 2010

Julestemning i Florida og på cruise i karibien

På veg fra Orlando til Miami, traff vi denne Mikke statuen med nisselue på :)

Kveldsstemning i Sea World

Mellomstejenta foran eit julepynta vindu i Sea World

Masser av julestjerner i Sea World

Då cruiset vårt la ut fra havna i Miami (i begynnelsen av januar 2010), passerte vi dette stemningsfulle skiltet.

På havna i Jamaica stod det ei julepynta dame

Og i eit av dei andre landa vi besøkte (Grand Cayman?) var vi innom ein barnekle-butikk med koselige juletre.

Etter cruiset var vi eit døgn ved South Beach, Miami. Det var litt kjøligere der enn vi hadde rekna med, men det la ingen demper på den opplevelsen det faktisk var å vere der :)

tirsdag 14. desember 2010

Julehobby/gavetips: Prisme-engler

I fjor laga eldstejenta (på 9 år) desse prisme-englande til venner og familie til jul :) Fine, søte og dekorative.

lørdag 11. desember 2010

Julehobby/gavetips: Mal på gips og anna

Gullengler

Det å male på gips og andre figurer er ein veldig fin aktivitet både for små og store å holde på med. Dei minste kan kanskje få male i kun ein eller to farger, mens dei litt større kan male detaljer og med fleire farger.

På eit av juleverksteda eg har hatt her heime hadde eg gipsfigurer i ulike størrelser som ungane kunne velge mellom. Dei minste figurane kunne vi lime ein magnet bakpå, sånn at den kunne henge på kjøleskapet.

Denne malte 3 åringen, til å ha telys oppi.

Gipsfigur; ramme med hjerte i.

Eitt år fann vi kvite nisser og engler på hobbybutikken som vi kunne male. Denne blei oransj.

6 åringen maler engel i ulike farger.

4 åringen maler ei keramikk-krukke med "kornete" sølvmaling.

torsdag 9. desember 2010

Fleire heimelaga kort med Magnolia-stempler

Pynt: Filtbånd (swirl), røde filt-hjerter, brunt blondebånd, pepperkakeoppskrift, hjertebling og God Jul-tekst.

Pynt: God Jul-tag med kvite prikker rundt, hjertebling, kantene er "sverta" med cat's eye, og så har eg tegna ein "sydd" kant rundt det eine mønsterarket.

Pynt: Hjertefigur (stansa ut med punch), røde roser og røde perler.

Pynt: God jul-tag, røde perler, brun blomst med rødt hjerte i midten og swirl-diecuts.

tirsdag 7. desember 2010

Årets heimelaga julekort (med Magnoliastempler)

Dei andre julekorta eg har lagt ut er kort eg har laga tidligare år, mens her er årets kort. Desse laga eg fordi eg fekk ei bestilling på ein del julekort.

På kortet ovenfor har eg brukt to av Magnolia sine stempler. Steinen (eller krakken?) ho sit på har eg laga sjølv. Og ellers har eg brukt ein julestjerne-charm som pynt, og God Jul tekst.

Pynt: Rød perle, God Jul-tag, hjertecharms, brun tråd og røde roser.

Pynt: Tag med hjerte (også dette eit Magnoliastempel trur eg), røde bling, swirl-filtbånd og knapper med brun tråd.

Pynt: Julestjerne- blomst, diecuts-swirler, brunt blondebånd og God Jul tag.

Pynt: Stor snøfnugg-diecut med glitterlim på (stickles), God Jul tag, røde perler, blondebånd og snøfnugg-charm.

søndag 5. desember 2010

Julestemning i Epcot (WDW)

Sidan vi var i Epcot på første nyttårsdag i år, kan vi jo på ein måte sei at vi var blandt dei første som var i Epcot i 2010 :)

På veg bort til World Showcase (der mange land er representert i Epcot), stod dette flotte juletreet. Og som dere ser så var det ein anelse regn i lufta denne dagen (det var nesten som høstværet her heime den dagen vi var der).

I toppen av treet stod denne nydelige engelen.

Vi fann ei kule med det norske flagget hengande på juletreet...

...og eit lite banner som det stod "God Jul" på.

I ein av butikkane i Epcot var det masser av juletre pynta med ulike ting. Dette treet var pynta med fine fugler.

Desse fuglane er litt nostalgiske synest eg, sidan det minner meg om mitt barndoms juletre.

Eit juletre var fyllt med engler og gammeldagse motiv.

Og dette treet hadde havet som tema, med skjell, havdyr, båter og havfruer.

I Canada sin del av World Showcase hadde dei pynta vindua til jul.

lørdag 4. desember 2010

Julestemning i Orlando og Downtown Disney

No nærmer det seg eit år sidan vi var i Orlando og Disneyparkene. Bildet ovenfor er tatt på flyplassen i Orlando- det første møtet med Florida og julestemningen der.

Området vi budde i var inngjerda, og vi måtte gjennom desse julepynta portene når vi skulle køyre til og fra huset vårt.


Ein dag var vi i Downtown Disney, her er eitt av dei flotte juletrea dei hadde der.

Der møtte vi Langbein som nisse

Mens vi stod i kø for å komme oss bort til Langbein-nissen, gjekk vi forbi desse flotte reinsdyra (dei var sikkert enda finere i mørket sidan dei var dekorert av lys).

Butikkvindua var flotte og dekorative, og også dei var pynta til jul.

Eitt av dei andre juletrea i Downtown Disney, fyllt med bla. Scrabble-bokstaver og leiker.

Enda eit fint og julepynta butikkvindu. Minnie.

torsdag 2. desember 2010

Julegave/hobbytips: Hand- og fotavtrykk

På eit av juleverksteda som eg har hatt hos meg, for venninner m/ barn, laga vi bla. hand- og fotavtrykk. Nokre blei brukt på julekort, mens andre blei ramma inn og gitt vekk til jul.

Sammen med nokre av hand- og fotavtrykka blei også dette diktet brukt:

Det hender du blir lei deg
Det hender du blir lei deg, 
Fordi jeg er så liten, 
Jeg setter merker alle steder 
Og gjør deg ganske sliten 

Men hver dag blir jeg større 
Ja, en dag blir jeg stor, 
Og alle mine avtrykk 
Blir bare svake spor 

Her er mitt lille avtrykk 
Så du kan huske og forstå 
hvor søte hender jeg hadde 
den gang de var små
Ukjent


Skjønne babyføtter