torsdag 27. november 2014

Den nye Project Life appen

Eg er av dei som har venta på denne appen heilt sidan Becky Higgins nevnte at den var under arbeid, så derfor var eg raskt ute med å kjøpe den då den blei lansert i september. Foreløpig fins den berre som app for Iphone/Ipad, men den vil etterkvart komme til android også (men det tar lenger tid og er dyrere å lage android-apper).

By the way: Fra i morgon (fredag 28.11.14) til mandag er denne appen på tilbud i App Store !!
Vanligvis koster den $ 2.99, mens den i helga koster $ 0.99

I denne appen kan man enkelt lage foto-kollasjer og Project Life sider. Nokre templates, kit og kort følger med i appen, mens andre kan kjøpast. Det vil også bli lagt ut fleire nye kit kvar måned framover.

Sånn bruker eg appen:
Eg har ikkje begynt å bruke den fast enda, foreløpig har eg berre laga nokre temasider bla. fra eit par fjellturer vi har vore på.
Eg liker å scrappe "vanlig" der eg kan kose meg med bilder, papir og pynt, men det skjer så mykje i kvardagen så eg får desverre ikkje gjort dette så ofte som eg ønsker. Bildene hoper seg opp og tar tid å få i album. Med denne appen kan eg enkelt og raskt lage ei PL side og deretter framkalle dei som 12x12 sider eller i ei fotobok.
Og når eg ser at eg har tid og lyst til å holde på med papir-scrapping så har eg jo alltids massevis av bilder liggande til dette.

Eg har kjøpt ein del digitale Project Life- kit, så istedet for å kjøpe mange kit i appen så har eg heller lagra favoritt-korta mine i dropbox og kan lett ta dei fram derifra når eg vil bruke dei.

Eg framkalla nylig 12x12 sider som eg har laga i appen. Eg sendte dei til Persnickety Prints då dei hadde tilbud, så no venter eg spent på å få dei i posten (....det var då eg skreiv dette innlegget første gongen. No er sidene komt i posten og dei blei akkurat så fine som eg hadde tenkt at dei skulle bli).

Mi meining om appen:
  • Eg liker det meste med Project Life og også denne appen. Den kan hjelpe meg med å få bildene mine raskare framkallt og samtidig er dei då fiks ferdige til å sette i ein 12x12 fotolomme.
  • Det er litt dumt at man ikkje kan skrive på pyntekort og bilder i appen (kun på tekst-korta). Men dette kan man jo gjere i andre apper før man bruker dei i PL appen.
  • Nokre bilde-redigeringsalternativ fins i appen. Eg kunne tenkt meg fleire, men no er jo dette ein app til å lage PL sider i og ikkje ein som er laga for å redigere bilder (dette kan eg også gjere i andre apper før eg bruker bildene i PL appen).
  • Eg har opplevd at appen har kræsja når eg har holdt på med ein spesiell template eller panorama-bilder, men det vil forhåpentligvis endre seg etter ei app-oppdatering.
Desse gamle bildene og korta (fra Cinnamon-kit'et) hadde eg liggande i Dropbox og fann lett fram til dei når eg var i Project Life appen. Eg har scanna bilder fra oldemor og bestemødre sine album, så eg skal lage eit album med bilder som har med slekta mi å gjere.

PL sidene eg har vist i dette innlegget er laga i Project Life- appen (du kan klikke på dei for å sjå dei i større format), eg har også laga nokre kollasjer. Desse kan settast inn i ei PL side i appen eller framkallast som eit bilde:




Lær meir om appen og korleis den fungerer:

Dette innlegget har eg tidligare publisert i bloggen Project Life i Norge


Sider med herlige Scrapfabriken-kort


I sommer fekk vi i Designteamet hos Project Life i Norge 3 pakker kvar med temakorta til Scrapfabriken; Fika, Dokumentera og Födelsedagar. Eg bruker mest kort med norsk eller engelsk tekst så det var uvant å bruke svenske kort, men det gjekk heilt fint. Nokre kort har eg brukt som dei er, mens nokre kort har eg fiksa litt på så dei passa sida mi bedre.

Sida ovenfor er laga med korta i "Dokumentera". I 4x6 lommane nede til venstre og oppe til høgre satte eg sammen to 3x4 kort under bilda. Det lille eg har brukt av pynt er figurer som er puncha eller klipt ut fra temakorta.
Bildene er fra ein ferietur vi hadde for mange år sidan.


Her har eg brukt kort fra temapakken "Födelsedagar". Dette var eit sett med herlige bursdagskort i ulike farger så det kan passe både til jente- og guttebursdager.

Anledningen eg scrappa er eldstejentas 13- årsdag, og sidan gjestane var med på mange av bilda fra bursdagen så måtte eg "blur'e" desse bilda litt. Dette var det siste selskapet dei hadde ilag mens dei gjekk sammen på barneskulen.. no er dei ungdomsskuleelever og er i ulike klasser. Det er grunnen til at eg tok eit fellesbilde av dei... og så var det så herlig og "i tiden" at dei måtte sjå korleis bilda blei på mobilen etterpå :)


Eg forelska meg i desse korta i "Fika"-pakken. Dei var nydelig dekorert i herlige farger med tema som kan passe både til bakst, kaffi og te. Eg hadde ikkje så mange bilder liggande som passa til akkurat dette temaet, men brukte dei eg fann (og gleder meg til å få brukt dei resterande korta seinare når eg har dei riktige bildene).

Eg fann eit bilde av ei Oreo-kake og eit par bilder med ein av yndlingskoppane mine (pluss pulverkaffi og magasinet eg las "akkurat då".
Her har eg også satt sammen to 3x4 kort i 4x6 lommane. Litt av pynten har eg klipt ut fra temakorta og litt er fra eige stæsj.


Tusen takk til Scrapfabriken for at vi fekk prøve desse herlige temakorta :)

Dette innlegget har eg tidligare publisert i bloggen Project Life i Norge etter at vi hadde fått prøve produkter fra Scrapfabriken.