tirsdag 22. april 2014

Project Life og kortlaging utendørs

Nokre gonger er det kjekt å kunne ta med seg litt hobbygreier ut, og i mitt tilfelle blir det gjerne Project Life relaterte ting. Det skal helst vere lite, lett og enkelt å både bruke og ta med seg fra ein plass til ein anna. Det å fargelegge stempelmotiv kan vere ein sånn ting.

Eg hadde behov for eit hardt (og lite) underlag som eg kunne bruke til fargelegginga i tilfelle eg ikkje hadde bord tilgjengelig. Då kom eg på at eg kunne bruke ein av Project Life minikit-boksene til dette.

Boksen passer perfekt til å oppbevare både ferdigstempla og fargelagte kort i, og også  fargekartet mitt (som eg har laga på eit 4x6 PL kort). 3x4 PL korta har eg stempla bla. Magnolia motiv på ved ein tidligare anledning.
Promarker-tusjane mine oppbevarer eg i zip-lock poser- det fungerer best for meg.

Enkel og lettvint inne-hobby utendørs.

For eit par dager sidan blei det lagt ut ei ny utfordring med fin premie hos Project Life i Norge, så ta gjerne turen innom og bli med på den. I tillegg så har vi to RAK'er der man kan vinne premier; Lindas RAK og Gjestedesigner Lenes RAK.


tirsdag 15. april 2014

Nokre av mine Project Life kits

Eg har etterkvart ei god samling med Project Life kits. Nokre er brukt, nokre held eg på med og nokre har eg ein plan for.

I 2011 albuma brukte eg Turquoise edition, i 2012 albumet (som eg held på med no) bruker eg Cobalt edition og i 2013 albumet (som eg har skreve nokre kort til, men ikkje fått i album enda) bruker eg Seafoam edition. I sommerferie-albumet 2012 brukte eg Clementine edition. Dei tre sistnevnte er eg veldig glad i, men desverre er dette utgåtte kolleksjoner som ikkje blir produsert lenger (heldigvis har eg eit ekstra av Clementine og Cobalt liggande).
Men det er egentlig ikkje så ille likevel, for det er jo komt så mange, nye flotte kolleksjoner!

Kiwi og Honey er mine favoritter, og desse vil eg bruke til dei sommerlige sidene og feriealbum (Honey bruker eg i feriealbumet for 2013). 
Midnight er også ein favoritt som eg ikkje tenker å bruke i eit heilt album, men heller bruke korta til å supplere med i dei andre albuma.
Dear Lizzy eller Jade blir mest sannsynlig brukt i familiealbumet for 2014. Dear Lizzy (og Strawberry) kan også brukes til sommerlige sider og feriealbum.
Mens Heritage og Cinnamon kjem til å bli mest brukt til sider og album om min barndom og mine forfedre.

Baby Edition blir heller ikkje produsert som Core kit lenger, men det kan kjøpes som minikit. Dette bruker eg i minstejentas album, som eg fortsatt ikkje er heilt ferdig med.

mandag 14. april 2014

Scrappelyst: ein ny utfordringsblogg

Scrappelyst er ein ny utfordringsblogg på nett, og dei har også ein flott åpnings-giveaway :) Her kjem det nok masse flott inspirasjon og utfordringer etterkvart.


torsdag 3. april 2014

To innlegg om Project Life

Denne veka har eg skreve to innlegg om Project Life på andre blogger enn min egen.
Det eine var eit kort og informerende innlegg på Foreldremanualen om kva Project Life er: Project Life: Smart organisering av familiefoto.
Det andre var for bloggen som eg er DT hos, Project Life i Norge: Glimt fra mitt feriealbum.