mandag 24. juni 2013

Redigering av Project Life bildene mine på data og iphone

Kollasj lage i photoscape i 10x15 format

Når eg framkaller bilder til Project Life albuma mine framkaller eg dei i 10x15 format for at dei skal passe i album-lommane. 
Eg tar mest bilder med iphone og speilreflekskamera, og eg bruker iphonen meir og meir fordi den er alltid med og eg kan redigere bildene direkte på telefonen. Kvaliteten på bildene er gjerne bedre på speilreflekskameraet, men det er ofte minnene som er viktigast for meg og ikkje kvaliteten.

Ein del av bilda eg sender til framkalling må eg beskjære, enten fordi eg vil ha vekk ting på bildet eller for å få dei i riktig størrelse (10x15 format). Då bruker eg som regel Windows fotogalleri (programmet eg bruker når eg ser på bilder) til dette. Her kan eg også endre bla. farge og lys.

windows fotogalleri

Redigering i windows fotogalleri

Men når eg skal redigere meir eller sette fleire bilder på eitt bilde (lage kollasj) bruker eg ulike redigeringsprogram. Når eg skal lage kollasjer bruker eg mest gratis-programmet photoscape.

Kollasj (montasje) i photoscape

Når eg lager ein kollasj i photoscape så bruker eg størrelsen 2376x1584 for å få bildet i 10x15 format, men man kan selvfølgelig bruke andre størrelser også. Her er det mange ulike oppsett å velge mellom, og programmet er også fint å redigere bildene i.

Kollasj med instagrambilder, laga i photoscape

Kollasj laga i photoscape


Nokre gonger bruker eg Photoshop til å lage kollasjer i. Eg kjøpte nylig eit sett med templates (ferdige kollasjer) fra Tracy Larsen.

Tracy Larsen's "The simply white collection v1"

Kollasj med TL's templates


Kollasj med TL's templates

Nokre gonger lager eg oppsetta og kollasjene sjølv i photoshop:
Instagrambilde på eit kvitt 10x15 bilde. I tillegg brukte eg tekst og eit digitalt stempel.


...... Sånn gjorde eg det med 2012 bildene mine då eg framkalla dei..... 
No i 2013 skal eg gjere jobben litt enklare. Istedet for å redigere alle bildene rett før framkallling så skal eg redigere iphone-bilda samme dag eller veke som bilda/bildene er tatt.

Det fins mange apper man kan bruke til dette, og dei to eg bruker mest er Pic stitch (gratis) og Laminar.

Pic Stitch er super til å lage kollasjer i. Eg leitte litt før eg fann den rette; ein gratis app som eg lett kunne lage 10x15 kollasjer i og som hadde dei kollasjene eg bruker mest. I tillegg kan man redigere bildene på mange ulike måter i denne appen.

Laminar koster litt, men eg fekk den gratis gjennom appen Apps Gone Free (info om gratis apper kvar dag). Laminar bruker eg til å lage eigne kollasjer i, td. viss eg vil ha eit 10x15 bilde med eitt eller to instagrambilder på. Det er også eit program med mange redigeringsmuligheter.

Eg synest det er litt kjedelig å sjå gjennom alle bildene eg skal framkalle og deretter redigere dei, når det er snakk om fleire måneder med bilder. Men no ser eg for meg at denne jobben blir enklare og raskare sidan eg allerede har valgt ut ein del av bilda eg vil bruke og dei er satt sammen i kollasjer.

Andre foto-apper eg liker:
Snapstill (fra video til foto)
Scrappe-appen Scrap it
og ikkje minst Instagram


Eg har i fleire år vore inspirert av Elsie og måtte selvfølgelig ha den artige appen som ho og firmaet hennar, Red Velvet Art, nylig lanserte; A Beautiful mess. Det var litt skuffande at eg ikkje fekk alle ekstra elementa då eg kjøpte appen... at eg må betale ekstra for desse. Men eg liker appen veldig godt og angrer ikkje på kjøpet... og eg ser at det skal komme fleire gratis element i neste oppdatering, så eg ser fram til det :)

redigert i "A Beautiful Mess"

redigert i "A Beautiful Mess"



lørdag 22. juni 2013

Project Life i norske nettbutikker!!

Endelig er ventetida over. No kan man få kjøpt mange av Becky Higgins' produkter i norske nettbutikker. Foreløpig har eg sett dei hos Hobbykunst og Scrapcrafts4you .

onsdag 12. juni 2013

Usa album (digitalt project life)

framsida til Usa albumet

Tidligare i år tok eg nettkurset Digital Project Life hos Jessica Sprague. Eg har lenge tenkt at eg skulle lære meg meir om digiscrapping, og ved å ta dette kurset lærte eg meg mange nye ting i photoshop og korleis lage project life sider der. Det er ikkje så ofte eg tar meg tid til å holde på med dette, men nokre få sider har det blitt. Det er ei stund sidan vi var på denne turen, og eg stresser ikkje lenger med å få desse sidene i fotobok, det får ta den tida det tar. Men eg har laga ei fotobok (på vanlig måte) fra parkbesøka og ei fotobok til mamma som også var med på turen. Nokre av bilda er også framkalla til eit album der eg har brukt mange brosjyrer, kart og anna stæsj vi fekk på turen. Men det er først i denne kommende boka at meir av historia fra reisa vår kjem fram.

Eg bruker mest Becky Higgins sine digitale project life kits som eg har kjøpt hos acdigitals.com, men også litt andre digitale element her og der.

På flyplassen før avreise.


På flyet og mellomlanding i Frankfurt.




onsdag 5. juni 2013

Ferialbum 2012- del 4 (project life)

Her er bla. eit skjermbilde fra iphonen med værmelding fra dei ulike plassane vi besøkte iløpet av ferien.

Bilder av skilt, vei og landskap...


Eit besøk i Geirangerfjorden. Det svarte kameraet stansa eg ut med silhouetten og limte det på eit 10x15 cm mønsterark.

Klistermerker på eit 10x15 cm kort, og bilde av jentene som studerer veien vidare. Artig å ha med sånne reiseruter i albumet.

Eit 10x15 cm mønsterark med klistermerker, og bilde av ein av ungenes nintendo ds. Dei spelte fleire småspel i lag ved å bruke kvar sine nintendoer.

"Familiebildet" har eg laga i word med ikon eg fann på nettet. Nederst er eit 10x15 cm bilde med fire mindre bilder på- der ungane speler nintendo ilag.

Bilder og pyntekort

Vi stoppa hos nokre kjente og fekk plukke med oss masse bringebær heim. Dei to øverste bilda er 10x15 cm store og med 6 mindre instagram-bilder på kvart (lager desse i photoscape).

Dette var fjorårets ferie. Eg planlegger å gjere det samme med bildene fra årets ferie. Eg tar med meg ein del kort som eg kan skrive på, og skal prøve å gjere unna mest mulig redigering på iphonen som eg har med meg. Det letter arbeidet om eg setter sammen bildene og redigerer dei med ein gong... istedet for å ordne på alle når vi er komt heim og skal framkalle dei.