søndag 7. november 2010

Har vunne ein søt giraff

Eg var så heldig å vinne giraffen Sophie som HildeM lodda ut :)
Som eg skreiv tidligare så hugser eg at eg hadde ein liknande giraff då eg var liten (kanskje eg fortsatt har den ein plass?). Den var oransj og uten bitering, men like søt. Det var kjekt å vinne denne, og eg har nokon eg skal gi den til :)


torsdag 4. november 2010

Barnas porselenmaling m.m

Kopp som eg fekk til morsdagen, laga i barnehagen

Mange barnehager lager ikkje farsdagsgaver og morsdagsgaver lenger, og det skjønner eg. Men likevel er det litt kjekt at barnehagen der ungane mine har gått forsatt lager dette :)

Fat som mannen fekk i farsdagsgave eit år, laga i barnehagen

Dette flotte telys-fatet fekk vi av mellomstejenta til jul ein gong, ho malte det i barnehagen.

Denne hjalp eg mellomstjenta mi med å lage då vi var på barneforening. Ho malte bakgrunnen, og så malte eg navnet hennar på.

Eldstejenta laga også kopp med navnet sitt på, då vi var på barneforening.

søndag 31. oktober 2010

Kaker til barn og voksne

Eit slott-kake til ei lita prinsesse

Marsipankake med kvit marsipan, til ein trekkspill-spelande 50 åring.

Bløtkake med spiselig Ole Brum-bilde.

Enda ei bløtkake med eit litt anna Ole Brum-bilde.

lørdag 30. oktober 2010

Barnekaker og boller

Det er ikkje så ofte eg lager sånne kaker. Men av og til ,når det er spesielle anledninger, er det kjekt å ta seg litt ekstra tid til å pynte kakene.

Denne laga eg til ein barnedåp ein gong.

Fristende skuleboller

Sjokoladekake-sommerfugl

torsdag 28. oktober 2010

Ei kiste med utkledningskle

Vi har ei  rød "kiste" med utkledningskle, eller dvs. vi hadde. Den har etterkvart blitt så full at vi måtte finne ein større boks å ha det i.
Uansett så elsker dei små å kle seg ut, og då er det greit å ha kle og utstyr liggande på ein fast plass sånn at dei er enkle å finne fram (og rydde på plass igjen etterpå).
  • Pandamaska er kjøpt på Nille
  • Den gamle skjorta hadde ein av ungane med seg i barnehagen ein gong, der dei fekk klippe og male på den og bruke når dei hadde sjørøver som tema.
  • "Kina"skjorta har eg frå då eg var lita
  • Prinsessekjolen solgte dei på Lindex ein gong, så då fekk jentene kvar sin til jul.
  • Hundemaska er egentlig ein papptallerken, kjøpt i eit sett med fleire dyr på Rema 1000
  • Ballettdrakta brukte eldstejenta ein gong vi var hos fotografen
  • Marihøne-drakta er arva
  • Morgenkåpa i silkestoff har vi to av, sidan jentene fekk kvar si av ein slektning.
  • Brannhjelmen fekk vi då det var Brannverns-veke
  • Vinger må alle små prinsesser ha
  • Eldstejenta vann den blå Barbie-kjolen i ein tegnekonkurransen (fra filmen Prinsessa og Fattigjenta)
  • Ein svart heksekjole som eg har kjøpt
  • Ein rosa silkekjole som mamma kjøpte til meg eller søstra mi då vi var små
Så ungane har litt å velge mellom når dei kler seg ut (vi har ein del meir enn på bildene), og ekstra kjekt er det for kusiner og veninner å komme på besøk- for då kan dei også få kle seg ut som prinsesser når dei er her.


Har dere utkledningskle til deres små?

tirsdag 26. oktober 2010

Bryllupskort, guttekort og andre kort

Kort med tekststempel


Guttekort med stempel fra Magnolia

Bildet av elgen fann eg på nettet.

Ganske likt det ovanfor, med med litt anna oppsett og pynt.

Eit bryllupskort med stempel fra Pysselpassion. Eg har laga eit liknande kort tidligare, men her har eg brukt andre farger på blomstrane.




mandag 25. oktober 2010

søndag 24. oktober 2010

Fin dag for julekort-fotografering

Når snøen først er her, kvifor ikkje bruke den til noko nyttig? Så i dag tok vi årets julekort-bilder.
Vanligvis tar eg julekort-bilder i slutten av november eller i begynnelsen av desember, enten fordi det er snø då eller fordi det haster med å få dei bestillt (uavhengig om det er snø eller ikkje). Men i dag kom vi på at vi kunne jo ta bilder i dag! Det at det er snø passer jo perfekt for julebildet eg ønsker å ha på årets julekort.