No når 2015 er over føler eg at eg ikkje har fått holdt på så mykje med hobby og fotoalbum som eg hadde kunna ønske. Men når eg tenker meg om så har det likevel skjedd mykje på den fronten. Man har jo litt begrensa tid til sin "passion" når man har mykje anna som skjer i kvardagen, og då gjer man det man må og det man har mest lyst til .. og så får det andre vente litt ;)
Då året 2015 starta så fokuserte eg på å lage eit barndomsalbum til jenta mi som skulle konfirmeres i mai. Eg rakk berre å lage sider fram til ho gjekk i 5. klasse, men det er ikkje så nøye (dei blir laga seinare). Det viktigaste var å få albumet klart så langt fram i tid som eg klarte, og å endelig få koble sammen nokre av bilda og all teksten eg har notert meg om ho.
I Juni skjedde det noko stort, og eg var så spent i forkant! Tenk å få møte sitt store idol innen det man er så glad i! Då kom Becky Higgins til Oslo. Før turen laga eg eit generasjonsalbum som eg tok med meg og viste ho. Og då eg kom heim måtte bilder fra turen og kursa også settes i album.
I Juni gjorde eg også eit Week In The Life-prosjekt. Eg tok mange bilder kvar dag i ei veke for å "dokumentere" kvardagen i familien vår sånn som det er no. Eg elsker desse WITL-prosjekta...kanskje ikkje der og då når det er litt mykje arbeid med det. Men det å ha det ferdige produktet i hendene er ein herlig følelse. Eg har jo gjort dette tidligare år også, og desse albuma er så verdifulle. Eg har eit album fra då eg berre hadde tre barn, eg gjorde samme prosjektet då vi hadde fått ny baby i hus, og livet er jo ganske annleis no når minstejenta er blitt 4. Det er kjekt å sjå bilder av alle små og store ting som forandrer seg.
Eg brukte Collect-appen og Project Life appen til dette prosjektet. Noko som gjorde at det gjekk mykje raskere enn tidligare å få det ferdige produktet i hendene.
I Juli var vi på sommerferie. Eg brukte samme metode som i juni, og fekk også dette albumet raskt ferdig. Herlig!
I oktober i fjor holdt eg kurs i Project Life. Det var ei ære å bli spurt, og eg var først litt usikker på om eg skulle seie ja. Eg har jo ikkje så mykje erfaring med å holde kurs, men eg tenkte at Project Life er noko eg kan og eg elsker å dele denne hobbyen. Så eg såg på det som ei utfordring, og det gjekk kjempefint. Det å kunne inspirere andre, og det å sjå at dei fekk noko ut av kurset, ga meg utrulig mykje.
Eg har også vore med i Designteamet i Project Life i Norge bloggen. Det var ei ære å bli spurt om å bli med. Og sjølv om eg følte at eg ikkje hadde så mykje tid til overs for dette så sa eg ja, og var med i litt over eit år. Det var ei kjekk erfaring å ha med seg, og det var med litt tungt hjerte eg måtte gi meg. Men eg innsåg at det tok for mykje tid å lage ting som var spesielt til denne bloggen, og det blei dermed mindre tid til eigne prosjekt og andre ting eg hadde lyst til. Mange av innlegga eg delte der har eg også delt i min eigen blogg, og det kjem sikkert fleire sidan eg ikkje har vist alle her enda.
Planen for familiealbumet 2015 var at sidene skulle bli laga i Project Life appen. Dei første månedene gjekk det fint å holde seg ajour, men så blei det litt stopp pga at andre ting blei viktigere. Men bildene har eg inndelt i veker på Ipaden og tekstene står i notat-appen min. Så når eg har ledige stunder jobber eg med dette, og håper å få det klart om ikkje så lenge. Eg elsker at Project Life appen gjer det så lett å få bilder i album :)
I desember gifta søstra mi seg og i den anledning laga eg eit album til ho med bilder fra utdrikningslaget hennar.
Då eg begynte på dette blogginnlegget kom eg ikkje på alle desse prosjekta, men etterkvart som eg skreiv så dukka dei opp. Så sjølv om eg ikkje har fått gjort så mange andre hobbyting så viser det seg at eg fekk visst laga nokre album i 2015 likevel :)
Eg håper å få vist dere fleire bilder av desse prosjekta etterkvart. Nokre av dei kan dere lese om i mine tidligare innlegg hos Project Life i Norge.
Så får vi sjå kva 2016 bringer. Eg har ikkje planer om å lage like mange album då. No skal først albumet for 2015 komme i bok, bildene eg tar i 2016 skal legges inn i PL appen, og kanskje framkaller eg bilder til mellomstejentas barndomsalbum. Berre 2 år til ho skal konfirmeres...
PT-pakker
for 4 måneder siden