mandag 28. september 2015

Nytt liv på gården

Minstejenta har venta heile sommeren på dette. Ho har snakka om at når det blir høst så skal det komme kalver og ho skulle gi dei melk på flaske. No er tida der.

Dette var den første kalven som kom til verda for nokre veker sidan.

Dei eldste synest også det er kjekt med småkalvene. Dei har kvar sine kyr så det er alltid like spennande å sjå kven sine kyr som kalver først. Her er småkalvene på luftetur.


torsdag 24. september 2015

Ei fantastisk helg på jobb

I tillegg til å jobbe i barnehage så har eg også ein anna jobb; eg er Forever Business Owner. Eg skal innrømme at då eg høyrte om Forever Living Products første gongen så var eg skeptisk til både selskapet og produkta. Grunnen til det er fordi eg ikkje hadde høyrt om dei før. Kvifor var dette så bra? Kvifor var folk så entusiastiske når det gjaldt dette? Eg spurte om alt eg lurte på, eg fekk prøve produkta, eg googla Aloe vera og las om andres erfaringer med produkta. Og no blir eg berre meir og meir sikker på at eg gjorde det riktige då eg valgte å sjølv jobbe med dette.
Man bør jo ikkje dømme noko eller nokon uten å kjenne dei og vite kva dei står for ;)

Grunnleggeren av Forever Living, Rex Maughan, ønska å tilby folk produkt som var dokumentert sunne, men istedet for å bruke ei formue på tradisjonell reklame i TV og aviser, skulle salg skje gjennom personlige møter. Reklamepengane kunne dermed gå til dei som ville hjelpe å selge produkta. Og det er nok grunnen til at eg ikkje hadde høyrt om dei før.

Forever har eksistert sidan 1978 og held til i over 150 land. Dei er verdens største dyrker, produsent og distributør av Aloe Vera.  Viss du vil vite meir om dette kan du lese det her: Om Forever Living Products.


I helga var det Forever Success Days i Oslo, der vi var 1200 Forever Business Owners som møttes for å bla. høyre på inspirerende foredrag og få recognitions.



Eg er blitt Supervisor i Forever, og fekk anerkjennelse for dette med bla. banner, pin og diplom.

Eg fekk komme på scena der vår Country Manager stod og gratulerte

Vi fekk høyre på mange inspirerende foredragsholdere, bla. vår Forever ambassadør som var Miss Sweden i 2011. Ho viste oss korleis man kan bruke Flawless sminken.

Det er alltid kjekt å sjå kva andre har oppnådd i Forever

Eg drikk Aloe Vera Gel kvar dag, og det gjer mange av mine kunder også. Forever har 90 dagers fornøgdhetsgaranti, noko som gjer at alle kunder får prøve produkta i 3 måneder. Dersom dei ikkje er fornøgd så får dei pengane tilbake. Det er fint på kunne tilby dei denne muligheten til å prøve produkta uten å risikere noko.

I denne jobben blir man kjent med mange nye. Det var ei fantastisk helg, og eg gleder meg til neste gong eg skal vere med på eit av Forever sine events. 

Eg er takknemlig for at eg fekk denne muligheten. Muligheten til å bruke og jobbe med gode produkt som har endra både mitt og andres liv til det bedre. Muligheten til å ha ein ekstrajobb der eg kan vere min eigen sjef. Og der eg kan jobbe så lite eller mykje som eg vil.

Ta gjerne kontakt på mail viss du vil høyre meir om å jobbe med dette.