Eg har i fleire år hatt lyst til å lære meg meir om å lage digitale scrappe-sider i Photoshop, men så har det ikkje blitt prioritert. Men då Jessica Sprague skulle holde eit nettkurs om korleis lage Digitale Project Life sider i fjor greip eg sjansen for å lære meg meir om Photoshop og Project Life.
Eg liker best å bruke Project Life på den tradisjonelle papirmåten, der eg får ha både bilder og flotte produkter i hendene og lage noko utav det. Men nokre prosjekt og sider har eg laga digitalt:
Eldstejenta mi skal konfirmere seg neste år og i den anledning har eg begynt å lage eit Project Life-album til ho med eit knippe bilder fra kvart år. I tillegg til dei kronologiske sidene med bilder så har eg også laga digitale tema-sider om dyr (sidan vi bur på gård) og ting ho har vore med på.
Eg hadde aldri framkalla digitale 12x12 sider før (då eg gjorde dette i april i år), men brukte Persnickety Prints til dette sidan eg hadde ein rabattkode fra dei - og eg blei veldig fornøgd med resultatet.
Eg fekk mange fine 12x12 Project Life sider på fotopapir som eg har satt inn i 12x12 plastlommer i albumet hennar.
I etterkant av kurset i fjor laga eg ei fotobok med digitale sider til bestemor. Eg brukte mest bilder fra eg sjølv stifta familie og bilder eg hadde med resten av hennar etterkommere, men eg brukte også bilder fra "gamle" dager.
- Coveret på boka-
- Første side i boka-
Først laga eg sidene i Photoshop, og deretter satte eg dei inn i ei fotobok (hos Fotoknudsen) og framkalla den. Bestemor satte stor pris på denne gåva og tar den fram både titt og ofte.
Det er kjekt å leike seg med digitale sider og pynt på dataen. Noko av det positive med denne måten å scrappe på er jo at pynten man har kan brukast opp att fleire gonger. Ein anna ting eg liker er at dersom noko skulle skje med albuma eg har laga med digitale sider så har eg alltids ein backup av original-sidene sånn at dei enkelt kan framkallast igjen... det er ikkje like enkelt med sider man har laga på papir-måten.
Dei digitale korta og pynten kan også printes ut og brukes i vanlige fotoalbum.
Kurset eg tok hos Jessica Sprague er fortsatt tilgjengelig dersom det er av interesse: Nettkurset Digital Project Life.
Her kan du sjå ein video med tutorial fra kurset: Jessica Sprague teaches Digital Project Life.
Og du kan også finne mange andre gode tutorials om denne måten å scrappe på i blogger og på You Tube ved å google Digital Project Life.
I nettbutikken digitalprojectlife.com kan man kjøpe dei fleste av Becky Higgins sine Core-kits og kort i digital versjon. På Freebies-sida finn du bla. gratis kort og eit start-sett med templates og eit utgått Core-kit. Dei er kjempefine å bruke dersom man har lyst å prøve denne måten å scrappe på.
Les gjerne Faq-sida deira for meir informasjon om produkta og måten å bruke dei på.
Diverse linker eg bruker:
Designer Digitals- her har eg kjøpt mange digitale produkt (bla. fra Cathy Zielske og Ali Edwards)
Studio Calico's digi-shop - Fine digitale produkt og freebies
Project Life cards & freebies - Mi Pinterest-tavle med mange PL freebies
Project Life Digipages - Mi Pinterest-tavle med digitale PL sider
Cathy Zielske- Digital Scrapbooking - Masse PL inspirasjon fra denne dama
Dette innlegget har eg tidligare publisert i bloggen Project Life i Norge. Der kan du sjå bilda i større format dersom det er ønskelig.
Nokre av bildene har tidligare blitt publisert her på bloggen min også.