mandag 9. juni 2014

Project Life- min måte

- Nokre av albuma mine -

For ein del år tilbake la eg min elsk på scrapbooking. Eg hadde holdt på med album og bilder sidan eg var i tenåra, og det blei enda meir av dette etter at eg fekk barn. Då nr 3 var komt til verden begynte eg å scrappe dei finaste minnene og bildene. Men då det var gått nokre år gjekk det opp for meg at dei viktige kvardagsbildene eg tok i denne "scrappe-perioden" ikkje kom i album. Så i 2011 gjekk eg over til Project Life istedet (då eg var gravid med barn nr 4). Det har tatt meg eit par år å komme fram til korleis eg skulle få Project Life til å fungere best mulig for meg. I begynnelsen tenkte eg å ta eit bilde kvar dag og lage album med kun desse bilda, men det fungerte dårlig. Det blei ofte tatt mange viktige bilder i løpet av ei veke og eg klarte ikkje å plukke ut berre nokre få. Så min måte å gjere Project Life på er å bruke det som eit vanlig fotoalbum for kvardagsbildene mine. Det blir lite scrapping av LO'er, men eg får brukt litt av alt stæsjet mitt på Project Life sidene.

- Her er berre bilda satt inn. Dette er fra "mitt eige" album, der eg samler bilder som eg vil ha i album, men som eg ikkje vil fylle familiealbumet med. Eit album med mine favoritter og interesser - 

Eg lager familiealbuma (og dei fleste andre) i kronologisk rekkefølge. Til no har eg brukt to album kvart år + eit ekstra album til feriebildene.
Bildene framkaller eg eit par gonger i året. Eg velger å ikkje gjere det for ofte, for av og til får nokre av bildene ein anna verdi for meg når det har gått ei stund. Dei kan bli viktigare å ha med, eller mindre viktige fordi eg td. ser at eg har tatt mange liknande bilder seinare.

Når bildene er framkalla skriv eg dato på dei. Deretter set eg ein bunke med plastlommer (Design A) inn i albumet eg vil bruke, og putter inn bildene veke for veke. Nokre gonger bruker eg andre typer plastlommer innimellom dei andre dersom det er behov (ofte Design H eller C).

- Teksten er på plass -


Når alle bildene er komt på plass er neste etappe å skrive tekster på tekstkort og sette desse inn i albumet. Tekstane skriv eg (nesten daglig) i appen Awesome Note. Der noterer eg små og større ting av det som skjer i familien, veke for veke. Då er det lett å finne tilbake til notatane når teksten skal inn i album.


Kvart år med tekster har si eiga mappe. Her er eit skjermbilde av nokre av notatbøkene mine. (Eg har bla. også ei notatbok for kvart av barna mine, der eg noterer ting om dei. Ikkje nødvendigvis til Project Life- sidene, men ting eg ikkje vil gløyme).

- Sida er ferdig -

Og til slutt... når alle bilder, tekster og minner (som billetter, merkelapper o.a) er komt på plass, er det klart for den gøyale delen; å fylle dei resterande lommane med pyntekort. Eg prøver å holde meg mest til korta i Core-kit'et som eg bruker, men når det gjeld pynting av sidene så er det kjekt å bruke litt anna også.


Eg prøver å gjere det enklast mulig for meg sjølv. Eg bruker eit Core- kit og flest mulig av korta som høyrer til dette. Eg har mange album å lage (sidan nokre år fortsatt ikkje er komt i album) og mange prosjekt på gang, så derfor fokuserer eg mest mulig på at det skal gå raskt og samtidig bli fint nok for meg. Eg blir ofte inspirert og får lyst til å lage flotte sider som dei eg ser på nettet, men eg har også lyst å komme meg ajour med alle albuma som fortsatt litt på vent. Derfor er bildene og tekstane viktigast i mine album, og så blir det litt ekstra pynting her og der dersom eg føler for det.

Så dette er min måte å gjere Project Life på. Det kan jo også kalles lommescrapping, men sidan det er Project Life eg har kalla det sidan eg begynte så kjem eg nok fortsatt til å gjere det.
I tillegg til familiealbuma har eg også ein del andre album-prosjekt som eg jobber med innimellom bla. eit om min barndom, eit om mine forfedre, minstejentas babyalbum, diverse feriealbum og så har barna mine kvar sine album; eit album med eit lite knippe bilder (og andre minner) fra kvart år som dei skal få med seg den dagen dei flytter heimanifra.
Nokre av desse er kronologiske, mens andre inneheld temasider (eller begge deler)

Dette innlegget har eg tidligare publisert i bloggen Project Life i Norge. Der kan du sjå bilda i større format dersom det er ønskelig.


mandag 2. juni 2014

Vinner av blogghopp-premien min

Det var kjekt at så mange var innom og deltok, og tusen takk for alle fine kommentarer. Håper dere vil komme innom fleire gonger. Hovudpremiane hos Project Life i Norge og StampARTic vil bli trukke snart. 
Eg har nettopp trukke vinneren av min blogghopp-premie hos Random Number Picker, og vinneren blei....

........

........

........

........

........

........

kommentar nr 19, nærmare bestemt LENA KATRINE !!
Send adressa di på mail til meg: isoegnen@frisurf.no så skal eg sende deg premien din :)