lørdag 31. mai 2014

Blitsy: Billige hobbyprodukt

Hos Blitsy.com kan man finne mykje fint til ein billig penge. Dei legg ut nye produkt fleire gonger i veka som blir liggande der i ei vekes tid eller til dei blir utsolgt. Eg har funne mykje fint til scrapbooking og Project Life her... Nylig hadde dei fleire av Becky Higgins' Project Life produkt for salg, og dei har også hatt mange andre lommescrapping-produkt i nettbutikken (og mange av dei kjem sikkert tilbake etterkvart).

Eg pleier å handle for litt under 200 NOK for å sleppe toll, så det som er på bildet ovenfor har komt i fleire pakker. Eg har bla. kjøpt mange fine kort, klistermerker, enamel dots og diecuts til Project Life albuma mine.

mandag 12. mai 2014

Glimt fra mitt feriealbum

Eg bruker Project Life i alle album som eg lager for tida. Becky Higgins laga Project Life- produkta for å gjere det enklare og raskare for seg sjølv å lage fine album, og derfor passer denne metoden også perfekt for meg. Eg tar alt for mange bilder og har alt for lite tid til å lage fotoalbum. Men med Project Life får eg det til. Her trengs det ikkje lim, og man berre putter kort og bilder i lommer, skriver kanskje litt- og så fiks ferdig. Og for dei som ønsker å pynte meir, så kan dei gjere det. Man kan gjere det så enkelt og avansert man vil.
Bildene eg viser her er fra albumet fra fjorårets ferie, og eg brukte hovudsaklig Project Life Core Kit'et "Honey".

Denne sommeren tok eg eit nettkurs som heitte "The Phone Photography Project" så derfor er nokre av bilda tatt i forbindelse med dette (ei av oppgavene var td. å ta bilder fra ulike vinkler). Nederst på sida har eg to bilder, tatt på samme sted og fra samme vinkel, to år etter kvarandre (for å få med endringer etter ein byggeprosess). Korta eg har brukt er fra Honey-kit'et, untatt det med campingvogn på. Det har eg laga sjølv med eit digitalt element fra A Perfect Summer Element Pack.

3x4 bilder lager eg ved å sette sammen to ståande bilder på eit 4x6 bilde (ca 10,2 x 15 cm) før framkalling. Det lille bildet øverst til venstre er fra eit 4x6 bilde med fire mindre bilder på (som ein kollasj). Meir om dette kan du lese i dette innlegget: Redigering av Project Life bilda mine på data og iphone.
Kortet med bil-geotag har eg laga sjølv med element fra det digitale settet: Symbology Geo Tags.
Kortet med kamera på hugser eg desverre ikkje kor eg har funne, men antakeligvis på nettet ein plass.


Alle kort er fra Honey-kit'et.
På tekst-kortet i midten har eg satt på ei grønn pil (øverst) for å vise kva bilde teksten høyrer til. Denne pila er eit klistermerke fra eit eldre Project Life kit (Cobalt Edition).
På bildet nederst til venstre har eg limt på ein tag (stansa ut med Silhouette) med tekst til bildet. På kortet nederst til høgre har eg brukt eit 3x4 bilde og skreve teksten i rundingane på mønsterarket.

Kort fra Honey-kit'et. På bildet nederst til venstre har eg også brukt ei pil fra det gamle Cobalt-kit'et. Nokre gonger skriv eg teksten direkte på bildet, som her.


"Polaroid"-bildet øverst til høgre er laga i appen Shot memo.
Kortet med campingvogn har eg laga sjølv med element fra det digitale kit'et Retro Roadtrip.

Sommerfuglen på kortet nederst til venstre er fra jillibean soup. Sjølve kortet er fra eit 12x12 mønsterark fra Honey-kolleksjonen.

Dette var eit par dobbeltsider fra fjorårets feriealbum, og eg håper dei kan vere til inspirasjon til både oppsett og bilder som kan tas på ferie.
Eg prøver å gjere det enklast mulig når eg lager album ved å bruke flest mulig av kort fra kit'et eg har valgt. Men innimellom bruker eg jo også litt pynt og kort som eg finn andre plasser.

Dette innlegget har eg tidligare publisert i bloggen Project Life i Norge. Der kan du sjå bilda i større format dersom det er ønskelig.


mandag 5. mai 2014

Blogghopp hos Project Life i Norge & StampARTic

Project Life i Norge og StampARTic har gått sammen om ein felles blogghopp no i mai og her har du sjansen til å vinne mange flotte premier ved å legge igjen ein kommentar i bloggane til Designteamene og hovudbloggane.

Du må gjere følgande: Besøk kvar av DT- jentene til både StampARTic og Project Life i Norge.
Der legg du igjen ein kommentar til kvar enkelt eller hos den du måtte ønske. Di fleire kommentarer du legg igjen, di bedre vinnersjanser har du!
Når du har vore på bloggrunda di går du inn i StampARTic- og/eller Project Life i Norge bloggen og legg deg til som følger både i bloggen og på våre Facebook-sider. Til slutt legg du igjen ein liten kommentar om at bloggrunda er fullført. Her har du sjans til å vinne 2 hovudpremier dersom du besøker og kommenterer i begge bloggane!

StampARTic på Facebook
Project Life i Norge på Facebook (her må du legge deg til som venn)

Fristen for å vere med på blogghoppen er 31. mai 2014.

.........

Begge Designteam har jobba etter ei felles oppgave; å lage noko som er inspirert av fargane på dette bildet:

Og her ser du mitt resultat:
Ei dobbelside

Side 1

Side 2


Blogghopp-lista ser ut som følgande:
Linda VS (Du er hos meg no)

Her er premien du kan vinne hos meg dersom du legg igjen ein kommentar under dette innlegget:
(Her er det over 50 Project Life kort fra det utgåtte Cobalt kit'et, Cork alfa-thickers, diverse labels og gjennomsiktige stickers, Studio Calico stempel, washi tape, charms og mykje anna pynt)
.........

Hovudpremiane hos StampARTic og Project Life i Norge er sponsa av


Og dei flotte hovudpremiane du kan vinne er her:





Lykke til i bloggrunda!