mandag 9. september 2013

Foto-ideer til Project Life

I Project Life albuma mine liker eg å ha bilder av små og store ting som opptar oss i kvardagen (desse bildene er fra mitt eige album, 2012- og 2013 albuma ):

To skjermbilder (på Iphone) av bildene eg har på instagram, satt sammen i ein kollasj (som eg har skreve meir om i dette innlegget: Redigering av Project Life bilda mine på data og iphone).

Eg og eldstejenta var på kino og såg Twilight. Då fann eg bilder fra filmen på nettet for å bruke dei i albumet vårt.

4 bilder eg tok av tv'en då dei viste Melodi Grand Prix. Jentene var i Florø og såg MGP då Margareth gjekk vidare derifrå, så derfor var det spennande å sjå om ho kom enda lenger...

Skjermbilde (fra pc'en)  av pinterest-sida mi. Denne har eg brukt ein del, men om nokre år er den kanskje ikkje like aktuell lenger. Då kan det vere kjekt å sjå tilbake på nåtidas interesser.

Vi prøvde Netflix ei stund, og då laga eg ein kollasj med desse fem filmane som vi hadde sett sammen med ungane.

Nokre gonger tar eg bilde av interessante artikler i lokalavisa. Eg kjenner ikkje personane på bilda, men artikkelen handla om kor fint vær og skiføre det hadde vore- og det hadde vi også benytta oss av.

Ein kollasj med skjermbilder fra Ipaden; bakgrunn + eit spel eg likte å spele.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)