onsdag 10. juli 2013

Eg har prøvd Vanish

Som Buzzador får eg prøve produkter og tjenester mot at eg fortel andre om dei, og denne gongen fekk eg prøve ulike Vanish produkter. Eg fekk også mindre vareprøver som eg kunne gi til venner og kjente sånn at dei også kunne få prøve produktet.

Eg fekk med ein kvit stoffbit. Denne skulle eg lage ulike flekker på og deretter prøve korleis vaskemiddelet/flekkfjerneren fungerte på desse.
På stoffbiten laga eg flekker av jordbær, utenlandske blåbær (desse var det ikkje så mykje farge på som dei norske skogs-blåbæra desverre), gras (noko som ofte kjem på guttekleda her i huset), makrell i tomat, sjokolade, bringebær, sjokoladesaus og kaffegrut.

Først tok eg Vanish Oxi Action Gel på flekkane og lot dette virke litt før eg vaska stoffbiten. Etter vask var nokre av flekkane vekke, men ikkje alle. No var stoffbiten fuktig, og eg prøvde med Vanish Oxi Action Pulver.. lot dette virke litt... og vaska stoffbiten på nytt. Denne gongen forsvann alle flekkane, og stoffbiten var heilt kvit igjen.

I det siste har eg vaska nokre klesplagg der flekkane ikkje har blitt borte etter vask. Sidan kleda var lyse og nye så var det litt irriterande at dei blei flekkete så fort. Eg hadde ikkje prøvd å forbehandle dei før vask.
No var dei tørre og komt i klesskapet (gutten kunne jo bruke dei som "jobbebukser"), men eg tok dei ut att for å prøve Vanish på desse.

To lyseblå bukser med flekker, muligens fra olje eller noko liknande. Buksa til venstre forbehandla eg med Vanish Oxi Action Gel, og buksa til høgre forbehandla eg med Vanish Oxi Action Pulver.
Etter vask var buksa til høgre heilt rein og uten flekker *jippi*, mens buksa til venstre hadde mista ein del av flekkane, men ikkje alle.

Her er buksa som var til venstre på bildet ovenfor 
(beklager fargeforskjell på bildene)

Etter andre runde i vaskemaskina var flekkane nesten heilt borte *jippi* . Denne gongen brukte eg Vanish Oxi Action Gel å forbehandle med.

Denne t-skjorta var også ny, men det var komt mange flekker (som ikkje gjekk vekk i vanlig vask) på dei kvite områda. Etter første vask forsvann mange flekker, og etter andre vask var den fin som ny.

Derfor er mine erfaringer med bruk av Vanish gode. Produkta virker etter ein vask eller to. Dersom eg hadde forbehandla plagga litt meir, eller bløtlagt dei meir, så hadde kanskje flekkane forsvunne etter første vask. Eg skal iallfall bruke meir av desse produkta på klede med flekker på, og eg trur at det då er stor sjanse for at flekkane forsvinn. Det kan komme godt med når ein har mange små i hus, og også bur på ein gård med mykje utearbeid.

...............................................................................................

Vil du vite meir om å vere Buzzador så kan du lese mitt første innlegg her: Eg har blitt Buzzador.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)