tirsdag 26. februar 2013

Nye Project Life produkt

På vinterens store hobbymesse i USA (CHA) lanserte Becky Higgins mange nye Project Life kolleksjoner som ho no skal selge i samarbeid med American Crafts. Det at ho har inngått samarbeid med denne scrapbookprodusenten vil sei at desse produkta no også vil komme til norske scrappebutikker *jippi*

Og det er mykje fristande blandt dei nye kolleksjonane. Eg vil tru at her er det noko for einkvar smak. Mine favoritter er blandt anna desse:

Jade kolleksjonen kunne eg tenkt meg å bruke i neste års Project Life album.



Kraft kolleksjonen fra Tiffani Smith er fyllt med fine og friske farger, og dette er ein kolleksjon eg muligens vil bruke i eit feriealbum.


Cinnamon kolleksjonen kunne eg kanskje tenkt meg å bruke i eit generasjonsalbum om slekta og mine beste- og oldeforeldre.

Blush kolleksjonen er heilt nydelig. Den kunne eg tenkt meg å bruke til eit jentealbum... eller feriealbum (har jo mange ferier som ikkje er komt i album enda).

Og også Lori Whitlock's Honey Edition er kjempefin.
Sååå mange flotte kolleksjoner å velge mellom, mon tro om eg klarer å velge ut berre nokre få...

Denne vekas happening er at desse produkta blir lagt ut for forhåndsbestilling hos scrapbookersinnercircle.com (der eg har kjøpt Project Life tidligare):

Click here to buy Project Life in Europe
Det er mulig eg må innom for å forhåndsbestille litt... Eg veit at noko av dette sikkert kjem i norske nettbutikker etterkvart, men viss eg bestiller det her så får eg akkurat dei kolleksjonane eg ønsker. Så vi får sjå kva det blir til..



Det kjem også ein ny punch fra We R Memorykeepers, og denne passer perfekt til kort og bilder til albumet. (ca 10,2 x 7,5 cm) *vil ha*



Meir om dei nye kolleksjonane på Beckys blogg:
Becky Higgins viser nye Project Life produkt på CHA

I CHA- recap er det lagt ut bilder fra "boothen" hennar, og innlegget new products Q&A er også interessant å lese. I innlegget introducing new products  +  designers er det skreve om jentene som har designet dei nye kolleksjonane og ikkje minst kan man sjå i den nye Project Life katalogen :)