Det første eg gjer når eg begynner å forberede barnas adventskalendere er å sjekke eskene eg har med gaver (sidan eg har eit lite gavelager på loftet). Då finn eg ut kor mange kalendergaver eg har, og kor mange eg evt. må handle inn.
Eg lager eit enkelt skjema for å sjå kva eg har. Eit skjema med 24 dager, og barnas forbokstaver på toppen. Det gir meg oversikten på kva eg kan gi, og kor mange fleire dager eg treng gaver til.
Eg kjøper kalendergaver gjennom heile året. Når eg kjem over noko som kan passe til mine små så kjøper eg det og lar det ligge på gavelageret mitt til november/desember nærmer seg.
Når alle (eller nesten alle) gavene er i boks så er det tid for å pakke dei inn. Kvart barn har sin eigen pose som eg oppbevarer dei innpakka gavene i til eg får hengt dei opp på kalenderen.
Eg prøver å ha litt kontroll på det eg pakker inn. Eg lager eit nytt skjema. Og når eg har pakka inn ei gave, merker eg den med eit tegn. Deretter skriver eg i skjemaet kva som er inni pakken med det aktuelle tegnet.
Når eg skal henge gavene på kalenderen prøver eg å gi dei litt "kjedelige" gavene (som klesplagg, reflekser o.l) på dager der barna skal på skule eller i barnehage. Mens dei får ting dei kan holde på med og leike med dei dagane dei har fri.
Så er det på tide å henge gavene på kalenderen. Eg bruker to kalendere som bestemor har brodert. Den eine er det god plass rundt tala på, mens denne på bildet har tala ganske tett. Derfor får ikkje alle gavene plass på denne...
Nokre av gavene er for store eller tunge til å henge på kalenderen. Derfor gøymer eg desse gavene rundt omkring i huset, og lager "skattekart" eller gåter på lapper som eg henger på kalenderen. Dei mellomste ungane elsker å finne gavene sine på denne måten :)
Og her kjem også viktigheten av å merke gavene med tegn etterkvart som dei blir pakka inn.
Når desse store/tunge gavene ligg i ein pose, så er det enkelt finne pakken med det riktige tegnet og deretter gøyme den på rett plass kvelden før den skal finnast.
Og for å vite kva pakker som skal gøymast kor og kortid så må eg skrive dei opp i almanakken min for å hugse på dei. Og ja... det har likevel hendt at eg har gløymt å gøyme ein pakke eller at eg har gøymt den på feil plass. Men det er sånt som kan skje.... Sjølv om det ikkje skjer så ofte så forbereder eg ungane på dette, sånn at dei ikkje blir skuffa om dei ein dag ikkje finn gaven sin der den egentlig skal vere ;)
Så sånn såg kalendarane til dei to mellomste ut i fjor. Eg måtte merke dei med navn (på rosa lapp) 1. desember sånn at dei visste kven som var kven sin.
I fjor var eg litt usikker på korleis eg skulle gjere det med kalendarane. Eg hadde to broderte, men tre barn å lage kalender til. Så heldigvis syntest eldstejenta at det var heilt i orden at ho fekk gavene i ein kurv istedet... og då blei det også mindre jobb for meg med tanke på å henge dei opp og ha system på kva dager ho evt. måtte ha fått skattekart/gåte-lapper.
For å kanskje minske denne store kalender-jobben som eg lager meg kvart år, så spurte eg barna om dei ville ha kjøpte kalendere i år. Og 6 åringen min ville gjerne ha lego-kalender, så det skal han få.
Dei to eldste vil ha heimelaga kalender, og det er greit. Det er jo ikkje så mange kjøpte kalendere som passer for dei, bortsett fra dei med godteri i.
I dette innlegget har eg skreve ned nokre kalendergave-tips:
Bildene i dette innlegget tok eg i fjor. Til no i år har eg funne kalendergaver og kjøpt inn littegrann. Men ein av dei neste dagane skal eg sette meg ned og pakke dei inn også.
Gleder meg til adventstida :)