onsdag 25. juli 2012

Julijentenes bursdager

Vi er 6 stykker i familien; to gutter og fire jenter (inkl. oss voksne). Og sjølv om det var langt ifra planlagt så har alle vi fire jentene bursdag i juli! Tidligare har eg tenkt at eg ikkje ville ha barn med bursdag i juli, for utifra eigne erfaringer så veit eg at då er det ikkje så mange som kan komme i barneselskap.
Men det løyser vi med å ha barneselskapa før skulen slutter i juni.
Og når det gjeld familieselskap så er det jo veldig greit å kunne feire oss alle samtidig.

Ungane pleier å ha godteposer i selskapa sine, og i år fekk mellomstejenta godteposer inni ein pinjata. 

Då ungane kom til selskapet hang pinjataen på døra, mens den etterkvart blei flytta til ein meir høvelig plass der man kunne slå på den.
Dette var stor stas.

Innholdet i mellomstejentas godteposer

Sidan eg sjølv er glad i Manga-figurer så kjøpte eg desse fra DealExtreme tidligare i år med tanke på å ha dei i godteposane.

Desse Tingeling-sjablongane kjøpte eg på Nille for nokre år tilbake.

Mellomstejentas selskap blei feira sammen med dei 5 andre jentene i klassen, og med pølse med brød og gode kaker.

Eldstejenta er blitt så stor at det ikkje er stas med godteposer lenger. Ho skulle nemlig ha chips og godteri i skåler.
For første gong inviterte ho alle i klassen, både gutter og jenter.
Først åt dei seg gode og mette på taco, deretter litt kaker og til slutt godterier.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)