torsdag 10. februar 2011

Den nye Disneyklubben

Vi har ein del Disneybøker, sidan både eg og eldstejenta mi var med i Disney-bokklubben då vi var små. Men det er jo komt nye eventyr sidan den gongen, og derfor har eg innimellom vurdert å melde ein av dei to minste inni Disney-bokklubben igjen. Men sidan det ikkje har vore sjanse for å kunne avbestille bøker der (trur eg), så har det ikkje vore aktuelt å melde dei inn- for då kunne eg jo risikere å få ein heil masse bøker som vi hadde fra før.

Men no har Sandvik/Goboken starta ein ny bokklubb; Disneyklubben og der er det mulighet til å avbestille bøkene. Derfor har eg meldt minstemann inn i denne, og vi har til no mottatt tre bøker som vi ikkje har fra før. I tillegg til bøkene så følger det også med eit Logolino-spel med nye aktivitetshefter kvar gong.-sjå bildet- Det minner meg om sånne spel som vi hadde på skulen då eg var liten  *gøy*

1 kommentar:

  1. Takk for tipset! Disneyklubben var stas da jeg var barn, og blir nok suksess for mine barn også :-)

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)