søndag 27. februar 2011

5 år!!

Minstemann blir større og større, og denne måneden blei han 5 år!
I barnehagen fekk han krone og bananbåt, og til selskapet sitt her heime bestillte han traktorgele.
På sjølve bursdagen fekk han gaver fra oss og søstrene om morningen. Fra søstrene fekk han ein stor bil med henger, og traktor oppå. Og fra oss fekk han litt sjørøverting (som han kunne bruke på karnevalet dagen etter) og nintendo ds.

Egentlig synest eg at han kanskje ikkje har så stort behov for nintendo heilt endå, men så er det noko med at når storesøstrene har kvar sin så er det kjekt for han å ha ein også. Spesielt når det er ferietid, og jentene sit og speler.... Foreløpig ser eg helst at han får litt hjelp fra storesøstrene når han speler, mens han sjølv meiner at han klarer det fint å på eiga hand (forståelig nok)  ;)

2 kommentarer:

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)